Leik og moro på KRIK Fitjar!

På fredag var KRIK Hordaland på lokallagsbesøk på Fitjar! Det vart ein særs minnerik kveld!

Underteikna, Jonas Hauge og Magne Fjelldalen tok fredag kveld turen til KRIK Fitjar. Og for ein kveld det skulle bli. Fitjar er ein relativt liten stad med sine +- 2919 innbyggjarar, og lite visste vi om kor mange som skulle komme. Etter ein varm velkomst, åpna vi døra inn til hallen og det viste seg at rundt 40 ivrige ungdommar hadde møtt opp til KRIK trening!

 

Vi leika, mora oss med mange forskjellige leikar. I pausen hadde eg andakt der eg fortalde om å ha fokus på Gud og korleis vi blir påvirka og forvandla av Gud. Etterpå pausen fortsette vi med aktivitetane, og vi i resursteamet vart veldig imponert over intensiviteten og innsatsen til KRIK-gjengen på Fitjar!

 

Tusen takk for ein fantastisk fin kveld! Kan sterkt anbefale frå 8.-klasse og oppover på Fitjar til å ta turen innom KRIK.

 

For dei spesielt interesserte, her kjem ei liste over leikane vi hadde:

  • Tomanns hale-napping
  • Trollmann-kjempe-dverg
  • Same-rally
  • Tømmerstokkleiken
  • Kortstokkstafett
  • Basketball med innebandyball og kjegle
  • Frisbee ultimate

 

Dette var alt me fekk tid til hjå KRIK Fitjar, men dersom ditt lokallag har lyst på besøk er det berre å ta kontakt på hordaland krik.no !

 

Guds signing over lokallagsarbeidet

Per-Eirik Moltu

Distriktsmedarbeidar KRIK Hordaland

KRIK Cup-Askøy

Førstkommende lørdag arrangeres det KRIK Cup på Askøy!15.05.2012

Les mer..

Ledertreningsdagen vår 2012

Lørdag 21. april ble det arrangert ledertreningsdag for en gjeng med ivrige KRIKere.30.04.2012

Les mer.. |0

Ny bil!

KRIK Hordaland har, i samarbeid med KRIK sentralt, kjøpt seg ny bil...30.04.2012

Les mer..

KRIK Ungdomsmesse

Dette er for deg som er fra 13-19 år. Stedet er Biskopshavn kirke, ca 10 min kjøring utenfor Bergen sentrum. Studentkoret INRI skal opptre og Ingrid Myrtveit skal tale om temaet "just the way you are".28.03.2012

Les mer.. |0

Kristen Idrettskontakt Hordaland

Kalfarveien 8
5018 BERGEN

E-post: hordaland@krik.no
Tlf. 45 87 26 98

webløsning utviklet av MosaikkWEB

Åpningstider for kontoret

Mandag-fredag 9.00-13.00

Kom inn å slå av en prat og se vårt store utvalg av KRIK-effekter!

Lokallagsoversikt KRIK Hordaland