Leik og moro på KRIK Fitjar!
På fredag var KRIK Hordaland på lokallagsbesøk på Fitjar! Det vart ein særs minnerik kveld!
Underteikna, Jonas Hauge og Magne Fjelldalen tok fredag kveld turen til KRIK Fitjar. Og for ein kveld det skulle bli. Fitjar er ein relativt liten stad med sine +- 2919 innbyggjarar, og lite visste vi om kor mange som skulle komme. Etter ein varm velkomst, åpna vi døra inn til hallen og det viste seg at rundt 40 ivrige ungdommar hadde møtt opp til KRIK trening!
Vi leika, mora oss med mange forskjellige leikar. I pausen hadde eg andakt der eg fortalde om å ha fokus på Gud og korleis vi blir påvirka og forvandla av Gud. Etterpå pausen fortsette vi med aktivitetane, og vi i resursteamet vart veldig imponert over intensiviteten og innsatsen til KRIK-gjengen på Fitjar!
Tusen takk for ein fantastisk fin kveld! Kan sterkt anbefale frå 8.-klasse og oppover på Fitjar til å ta turen innom KRIK.
For dei spesielt interesserte, her kjem ei liste over leikane vi hadde:
- Tomanns hale-napping
- Trollmann-kjempe-dverg
- Same-rally
- Tømmerstokkleiken
- Kortstokkstafett
- Basketball med innebandyball og kjegle
- Frisbee ultimate
Dette var alt me fekk tid til hjå KRIK Fitjar, men dersom ditt lokallag har lyst på besøk er det berre å ta kontakt på hordaland krik.no !
Guds signing over lokallagsarbeidet
Per-Eirik Moltu
Distriktsmedarbeidar KRIK Hordaland
KRIK Nattcup med KRIK Live
24 februar 2012 klokka 19:00 braker det løs på Fitjar i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Meld på et lag og ta turen, for dette har du ikke råd til å gå glipp av!!02.02.2012
Challenge 2012
KRIK Challenge er en weekend stappfull av utfordringer. Det blir morsomme aktiviteter i snøen, god tid til å bli kjent med nye venner, og ikke minst møter der du forhåpentligvis kan lære mer om Han som har gitt oss alt dette - Jesus Kristus!12.11.2009




