
Leik og moro i KRIK Kvam

Forrige fredag reiste ressursteamet frå KRIK Hordaland på besøk til KRIK Kvam i Norheimsund.
Underteikna og Helena Lilleås (frå ressursteamet) har sjeldan hatt det så moro på eit lokallagsbesøk, som når me besøkte KRIK Kvam forrige fredag. Til tross for at det ikkje akkurat var den store skaren som hadde møtt opp, blei samlinga ein suksess utan like. Makan til positiv og aktiv gjeng skal ein leite lenge etter!
Vel 10 personar var tilstades, i tillegg til ressursteamet. Me leika, mora oss og hadde andakt der eg fortalde om Guds føremål med liva våre. Både eg og Helena vart reint imponerte over intensiteten som lokallagsungdommane viste under dei ulike leikane me lærte dei.
Men Norheimsund Idrettshall har plass til fleire, så eg håpar at alle som les denne artikkelen kjenner på lysta til å vera med på moroa i KRIK Kvam og tar turen på neste trening. Lokallaget har treningar kvar fredag mellom 17.30 og 19.00, i Norheimsund Idrettshall, og er til for ungdommar frå 8. klasse og oppover til 3. klasse på vidaregåande.
For spesielt interesserte kjem det ei liste med leikane me lærte til KRIK Kvam nedanfor:
- Stivheks (ulike variantar: Marihønestivheks, sjukehusstivheks, gamal-dame-over-vegen-stivheks, osb.)
- Blitz-stafett
- Titrekksleiken
- Olsvikleiken (annan variant av titrekksleiken)
- Skoleiken
- Grimstadleiken
Dette var alt me fekk tid til hjå KRIK Kvam, men dersom ditt lokallag har lyst på besøk er det berre å ta kontakt på hordaland@krik.no !
Guds signing over lokallagsarbeidet,
Emil André Erstad
sivilarbeidar i KRIK Hordaland

