Årets fyrste HEMAN-samling over.

Foto: Torgeir Vindi Nerbøvik

Då var årets fyrste HEMAN-samling over. Staden var Bildøy Bibelskule, temaet var "Slik driv du eit lokallag" og folka var herlege!

Laurdag 13. september braka årets fyrste HEMAN-samling laus. Krikfolk frå fjern og nær (kanskje aller mest frå nær) samla seg i gymsalen på Bildøy til temaet "Slik driv du eit lokallag". Etter ein introduksjon av det nye HEMAN-styre og andre nye ansikt i KRIK Hordaland, vart dei delt i 2 grupper for å komme seg innom postane "oppvarmingsleikar", "lek med ball", "økonomi", "lederrollen" og ein liten bolk med PR.

Våre nye praksiselevar frå Bildøy, Henrik og Per, stod for oppvarmingsleikar, mellom anna kortstokkstafett og lukte-under-armane-på-kvarandre-for-å-bli-fri-stiv-heks. Sverre, vår nye HEMAN-leiar, og Espen stod for balleik. Aadne, økonomiutval og økonomiansvarleg hadde, sjokkerande nok,: økonomidelen. PR-delen var det Erlend Hest Bjerkestrand som stod for. "Ei blid PR-sol" er blitt eit nytt og viktig omgrep i lokallaga i Hordaland. "Lederrollen" vart presentert av Nina og Helga. Etter å fått servert Ninas Pizzahorn og Sverres deilige saft, hadde Nikos arvtager, Torgeir ei lita andakt. Tilslutt vart det arrangert ei fotballturnering, der Niko og Co gjekk av med seieren. Kvelden vart avslutta med ein gruppeklem, før folk tusla, eller strengt tatt kjørte, heim.

Kort sagt vart dette gode greier! Neste samling vert 11. oktober! Følg med på sida for meir info.

Vis alle bildene (51)

Kommentarer (2)

Vis alle bildekommentarer (34)

  1. #1

    TANyajbXXcQNDnp over 1 år siden

    Sounds great to me BTWHIDK
  2. #2

    RvHXpCQajJtuap over 1 år siden

    Wow! Great thikning! JK

Skriv en kommentar

 
E-post blir ikke synlig for andre


Skriv inn symbolene du ser i feltet

Kristen Idrettskontakt Hordaland

Kalfarveien 8
5018 BERGEN

E-post: hordaland@krik.no
Tlf. 45 87 26 98

webløsning utviklet av MosaikkWEB

Åpningstider for kontoret

Mandag-fredag 9.00-13.00

Kom inn å slå av en prat og se vårt store utvalg av KRIK-effekter!

Lokallagsoversikt KRIK Hordaland